Gipuzkoa
Utsjånad
Guipúzcoa (spansk) eller Gipuzkoa (baskisk og offisielt) er ein provins nord i Spania i den autonome regionen Baskarland. Han grensar til provinsane Bizkaia og Álava, den autonome regoinen Navarra, provinsen Labourd i det franske departementet Pyrénées-Atlantiques og Biscayabukta.
Provinsen har eit areal på 1 980 km² og er dermed den minste provinsen i Spania. Han har 88 kommunar og omtrent 700 000 innbyggjarar. Ein fjerdedel av desse bur i provinshovudstaden San Sebastián. Andre byar er Irun, Errenteria, Zarautz, Arrasate, Oñati (med eit gammal universitet), Eibar, Tolosa (ein kort periode hovudstad i provinsen), Beasain, Pasaia (den største hamnebyen) og Hondarribia.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side Arkivert 2010-10-29 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guipúzcoa» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.