Grønnåsen kyrkje
Grønnåsen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Tromsø | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Tromsø domprosti | ||
Sokn | Grønnåsen | ||
Fellesråd | Tromsø | ||
Arkitekt | Eigill Hallset og Kolbrun Ragnarsdottir | ||
Innvigd | 1996 | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Sitjeplassar | 450 | ||
Grønnåsen kyrkje 69°40′45″N 18°57′38″E / 69.6793°N 18.9606°E | |||
Wikimedia Commons: Grønnåsen kirke |
Grønnåsen kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1996 i Tromsø kommune. Kyrkja er i vifteform og er utsmykka av Knut Fjørtoft. Kyrkjeinteriøret (døypefont og preikestol) er laga av John H. Jørgensen. Orgelet er frå 2001 og er bygd av orgelbyggjar lfred Führer i Wilhelmshaven.
Tankar om å få reist ei kyrkje nord på Tromsøya hadde versert allereie ved slutten av andre verdskrigen. Det var først snakk om å få ei brakke frå militæret etter krigen og bruke ho som kyrkje. Ingenting konkret skjedde før i 1971, då kommunestyret vedtok å byggje Grønnåsen kyrkje. Planarbeidet byrja i 1974, men ingen planar låg fore før i 1982. Så kom ein ny plan i 1985 og eit forprosjekt i 1988. Dette omfatta ei kyrkje til 20 millioner, men kommunen sette av 13 millionar til føremålet, og arbeidet måtte starte på nytt.
I 1988 starta ein så eit nytt prosjekt. Arkitektane Eigil Hallset og Kolbrùn Ragnarsdottir fekk oppdraget med å teikne kyrkja. Grunnarbeidet tok til i mai 1995, 10. september vart grunnsteinen lagd ned, og sankthansaften 1996 vart kyrkja innvigd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kirkene i Troms, bind III, Ronny Trælvik og Arne Ivar Hansen, Bok i Nord forlag, Finnsnes 2017. s. 246–251
- Denne artikkelen bygger på «Grønnåsen kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
- «Grønnåsen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.