(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Gunnar – Wikipedia Hopp til innhald

Gunnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til Gunnar Heiberg.

Gunnar er eit mannsnamn som var særs populært i Noreg1920- og 1930-talet. Opphavet er norrønt, der 'gunn' er eit ord for strid, medan endinga -ar er avleidd av harjaR, som tyder 'krigar' eller 'hærførar'. Gunnar har namnedag den 9. januar i Noreg og Sverige.

Variantar av namnet er Gunner og Gunder. Det kan òg vera avleidd frå dei gammalhøgtyske orda gund og heri med same tyding som dei norrøne. På tysk finn ein dette namnet som Günther.

Runestein i Småland, reist for Gunnar son av Hroði av sonen Gunnkell.
Motstandsmannen Gunnar Sønsteby.
Foto: Arne Flaaten

Gunnarr er blant dei ti vanlegaste mannsnamna funne i nordiske runeinnskrifter frå norrøn tid, og namnet var derfor truleg utbreidd i Norden på denne tida. Det funne 56 runeinnskrifter med dette namnet. Av desse er fire funne i Noreg, Bohuslän og Jämtland. Den vanlegaste skrivemåten for namnet var kunarᚲᚢᚾᚨᚱ (kunar).[1]

Gunnar var blant dei mest brukte namna for nyfødde gutar i Noreg i tida mellom rundt 1900 og rundt 1955.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]
Forfattaren Gunnar Staalesen.
Foto: Nina Aldin Thune
Fotnotar
  1. «Nordiskt runnamnslexikon». Arkivert frå originalen 25. februar 2011. Henta 19. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]