Hansing
Hansing (jf. å hanse, å gje hans) er den trakteringa førstereisgutar gjev resten av båtlaget når dei er tekne opp i laget. Ordet er avleia av det lågtyske ordet hensen som tyder betale avgift for å bli oppteken i eit laug, og har samanheng med det høgtyske ordet hanse, som kan tyda gruppe, fylgje, eller (handels)selskap.
I eldre dansk språk brukte dei ordet å hønse når den nyopptekne gav pengar eller traktering til dei andre medlemmene i eit laug. Ordet hans eller hansing er bruka om trakteringa ein sjømann gav kameratane fyrste gongen han passerte ekvator. Blant fiskarane, på Lofoten spesielt i tilknyting til feiringa av den store brennevinsdagen, innebar hansinga at skårungen skulle spandere brennevin på dei andre i båtlaget. Tilsvarande skulle første års høvedsmann spandere høvedsmanns hans, og ein som hadde ny båt skulle spandere båthans. Dei som rodde fiske for siste gongen skulle spandere stavhans.
Johan Bojer brukar i Den siste viking omgrepet hamse, hamsing. Elles er òg ord som handse, handsing, hønse eller hønsing nytta om det same fenomenet.
Hansing er og forbunden med andre opptaksseremoniar, ofte slik at han som vert oppteken vert audmjuka eller latterleggjort for resten av gruppa.
Kjelder:
[endre | endre wikiteksten]- Peder A. Hansteen: Den store brennevinsdagen 25. mars, Årbok for Helgeland 1984.
- Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
- Hans i nynorskordboka