Hard
Utsjånad
Hard er ein by og ein kommune i distriktet Bregenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 17,8 km² med i kring 13 000 ibuarar i 2015. Byen Hard ligg på ei elveslette ved breidda av Bodensjøen, 399 meter over havet.
Plastikkprodusenten Alpla med 16 000 tilsette har hovudkontoret sitt i Hard.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hard» frå Wikipedia på tysk, den 24. desember 2015.