(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Hellas i Eurovision Song Contest 2013 – Wikipedia Hopp til innhald

Hellas i Eurovision Song Contest 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hellas deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[1][2] Den greske rikskringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) annonserte 15. januar 2013 at dei hadde inngått ei avtale med den private musikkanalen MAD TV for å arrangere ein nasjonal finale.[3] I tillegg vil MAD TV handtere alle relaterte førebuingar knytte til tevlinga.[3] ERT sa at dei hadde teke dette valet av di dei ikkje hadde sikra seg ei avtala med nokre plateselskap slik som tidlegare år.[3] Bidraget vart valt i den nasjonale finalen, EUROSONG 2013 - a MAD show, 18. februar 2013.

Eurovision Channel ERT powered by MAD

[endre | endre wikiteksten]

7. februar 2013 skipa ERT og MAD TV ein spesiell 24/7-kanal kalla Eurovision Channel ERT powered by MADOTE TV. Kanalen vil verte nytta for å spele musikk frå Eurovision Song Contest, og innehed klipp av bidrag frå 1956 til i dag samt spesielle Eurovision-program.