(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Henriette Jæger – Wikipedia Hopp til innhald

Henriette Jæger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Henriette Jæger (fødd 30. juni 2003) er ein friidrettsutøver frå Aremark i Østfold. Ho vart tildelt kongepokalen under NM i friidrett 2023 for sitt løp på 400 meter. Jæger, som er medlem i Aremark Idrettsforening, forbetra i 2024 dei norske rekordane på 200 meter og 400 meter til høvesvis 22,58 sekund og 49,85 sekund. Under dei olympiske sommarleikane 2024 i Paris kom Jæger på åttandeplass på 400 meter. Ho er dotter til Unn Merete Lie.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.