Herpesvirales
Utsjånad
Herpesvirales | |
Systematikk | |
Rike: | Heunggongvirae |
Rekkje: | Peploviricota |
Klasse: | Herviviricetes |
Orden: | Herpesvirales |
Familiar | |
Alloherpesviridae Herpesviridae Malacoherpesviridae |
Herpesvirales er ein orden av dobbelttråda DNA-virus med membranar som har ymse ryggradsdyr og muslingar som vertar.[1]
Virus frå Herpesvirales har lineære genom på 125-290 kilobasepar. Innanfor membranen har dei ein proteinstruktur kalla tegument, og innanfor tegumentet ligg eit ikosaederforma kapsid med trianguleringstal lik 16 og som inneheld DNA-et.[1]
Herpesvirales vert delt inn i tre familiar:[1]
- Alloherpesviridae - som har fiskar og froskar som vertar
- Herpesviridae - som har pattedyr, fuglar og krypdyr som vertar
- Malacoherpesviridae - som har muslingar som vertar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Davison, Andrew J; Eberle, Richard; Ehlers, Bernhard; Hayward, Gary S; McGeoch, Duncan J; Minson, Anthony C; Pellett, Philip E; Roizman, Bernard; Studdert, Michael J; Thiry, Etienne (2008). «The order Herpesvirales». Archives of Virology 154 (1): 171–7. PMC 3552636. PMID 19066710. doi:10.1007/s00705-008-0278-4.