(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Husøy kyrkje i Solund – Wikipedia Hopp til innhald

Husøy kyrkje i Solund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husøy kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Solund
Fellesråd Solund
Type Langkyrkje
Arkitekt Petter Gabrielsen Spjutø
Material Tre
Innvigd 1896
Kart
Husøy kyrkje
61°00′48″N 4°40′27″E / 61.0132°N 4.6741°E / 61.0132; 4.6741

Husøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1896 på StraumenYtre Sula i Solund kommune i Vestland.

Kyrkjestaden for ytre Solund var frå 1717/18 til 1896 på den vesle Kirkøyna ved Husøyna vestom Straumsfjorden, der låg Husøy kapell.

Husøy kyrkje i Solund is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Husøy kyrkje i Solund på kart over Sogn og Fjordane

Kirkøyna overtok som kyrkjestad etter Utvær, der det hadde vore eit kapell truleg sidan 1100-talet. Mot slutten av 1800-talet var kapellet på Kirkøyna vorte for lite og det låg og usentralt til i forhold til kvar størstedelen av kyrkjelyden no budde, difor vart det vedteke å byggje ny kyrkje austom Straumsfjorden. Mange av dei som budde på småøyene vestom Straumsfjorden var svært lite nøgde med dette og fleire nekta å delta i pliktarbeidet med den nye kyrkja.

Fram til utgangen av 1999 var kyrkja soknekyrkje i Husøy sokn. Frå 2000 har dei tre tidlegare sokna i Solund vore slegne saman til eitt.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]