Husstandsfellesskaplova
Husstandsfellesskaplova, eller Lov om husstandsfellesskap, eigenleg Lov om rett til felles bolig og innbo når husstandsfellesskap opphører av 4. juli 1991 nr 45, vart førebudd, vedteken og sanksjonert saman med Ekteskapslova. Lova vart sett i verk frå 1. oktober 1991.
Lova gjeld for personar, som er ugifte og over 18 år, og som etter lova § 1 har: - - bodd sammen i minst to år, eller de har, har hatt eller venter barn sammen. Lova gir desse, ved dødsfall og ved opphøyr av husstandsfellesskapet av andre grunnar, etter dei konkrete omstenda, og når det ligg føre «særlege grunnar» eller «sterke grunnar», rett til å overta innbo og bustad som var eigd av den andre parten.
Lova gjeld ikkje berre sambuarar av ulikt kjønn, men generelt for personar som har budd saman i meir enn to år, f eks sysken. Lova gjeld også om det er fleire enn to personar som bur saman.
Ved dødsfall
[endre | endre wikiteksten]Lova § 2 regulerer situasjonen etter dødsfall.
Attlevande vil då, når «særlege grunnar» talar for det, i forhold til avdøde sine arvinger få følgjande rettar til husstandsmedlemmane sin felles heim:
1. rett til å løse inn andel, aksje eller obligasjon som tilhørte den avdøde, og som retten til felles bolig er knyttet til, eller
2. rett til å overta boligeiendom eller til å tre inn i andel av boligeiendom som tilhørte den avdøde og som utelukkende eller hovedsakelig har tjent til felles bolig, og
3. rett til å overta eller tre inn i andel av vanlig innbo.
Viss det var fleire enn to som budde saman, kan desse rettane gjevast til ein eller til fleire saman. Avdøde sine arvingar har rett til fullt oppgjer for dei eignelutane og rettane som blir tekne over.
Attlevande sin rett til å tre inn i leigeavtalar for felles bustad blir regulert av husleigelova.
Ved samlivsbrot
[endre | endre wikiteksten]Lova § 3 regulerer situasjonen når husstandsfellesskapet blir oppløyst av andre grunnar enn dødsfall, f eks etter samlivsbrot.
Då kan ein av partane, når «sterke grunnar» talar for det, få følgjande rettar til husstandsmedlemmane sin felles heim:
1. rett til å tre inn i husleiekontrakt eller avtale om rett til å opprette husleiekontrakt, selv om kontrakten eller avtalen er opprettet i en annen av partenes navn,
2. rett til å løse inn andel, aksje eller obligasjon som tilhører en annen av partene og som retten til felles bolig er knyttet til,
3. rett til å overta boligeiendom eller andel av boligeiendom som tilhører en annen av partene og som utelukkende eller hovedsakelig har tjent til felles bolig, hvis ikke den andre har odelsrett til eiendommen, eller den er ervervet fra hans eller hennes slekt ved arv eller gave, og
4. rett til å overta eller tre inn i andel av vanlig innbo.
Når «særlege grunnar» taler for det, kan ein av partane få bruksrett til bustad som er nemnt i nr. 2 eller 3. Dette gjeld sjølv om den andre parten har odelsrett til eigedomen, eller den er erverva frå den andre parten si slekt ved arv eller gåve.
Viss det var fleire enn to som budde saman, kan desse rettane gjevast til ein eller til fleire saman. Den som overtar noko, må gje fullt oppgjer for dei eignelutane og rettane som blir tekne over.
Lova § 4 seier at ein skal ta omsyn til avtalar mellom partane når ein skal avgjere saker etter denne lova.