(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Ian Mosley – Wikipedia Hopp til innhald

Ian Mosley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian Mosley

Ian Mosley på scenen med Marillion i 2009.
Fødd16. juni 1953 (71 år)
FødestadPaddington
FødenamnIan Francesko Mosley
OpphavStorbritannia
Aktiv1984 til i dag
SjangerNeo-progressiv rock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarMarillion
Verka sommusikar, trommeslagar, låtskrivar

Ian Francesco Mosley (fødd 16. juni 1953) er ein britisk trommeslager og låtskrivar som særleg er kjend frå progressiv rock-bandet Marillion. Han har vore medlem av bandet sidan 1984, da han erstatta Mick Pointer. Han gav i 1996 ut soloalbumet Crossing the Desert under namnet Iris.

Før han vart heiltids rockemusikar, var han ein periode i byrjinga av 1970-talet òg trommeslagar på West End-oppsetjingane av musikalane Hair og Jesus Christ Superstar. Mosley spelte i bandet Darryl Way's Wolf frå 1973 til 1974, der han medverka på tre av albuma til bandet. I 1975 spelte han i bandet Trace, og han spelte òg med Gordon Giltrap på byrjinga av 1980-talet. I 1983 og 1984 var han med i tidlegare Genesis-gitarist Steve Hackett sitt soloband. Han har òg spelt saman med Manfred Mann.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum/Iris

[endre | endre wikiteksten]
  • 1996 Crossing the Desert

Med Marillion

[endre | endre wikiteksten]

sjå diskografien til Marillion

Med Darryl Way's Wolf

[endre | endre wikiteksten]
  • 1973 Canis Lupus
  • 1973 Saturation Point
  • 1974 Night Music
  • 1974 Darryl Way's Wolf (samlealbum)
  • 1976 Anthology (samlealbum)
  • 1975 Birds

Med Gordon Giltrap

[endre | endre wikiteksten]
  • 1981 The Peacock Party
  • 1981 Live (konsertalbum)

Med Renaissance

[endre | endre wikiteksten]
  • 1983 Time-Line

Med Steve Hackett Band

[endre | endre wikiteksten]
  • 1983 Highly Strung
  • 1984 'Till We Have Faces
  • 1992 Time Lapse (konsertalbum)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]