Ingalill Olsen
Utsjånad
Ingalill Olsen | |||
| |||
Fødd | 15. desember 1955 (68 år) Måsøy kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Måsøy 1995-2009 | ||
Etterfylgjar | John Aase | ||
Alle verv |
|
Ingalill Olsen (fødd 15. desember 1955 i Måsøy) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho er leiar i Finnmark Arbeidarparti og har lang lokalpolitisk erfaring frå Måsøy, der ho var ordførar frå 1995 til ho vart vald inn på Stortinget i 2009. I den siste perioden hennar som ordførar hadde Arbeidarpartiet reint fleirtal i kommunestyret med 9 av 17 representantar. Olsen var tredjekandidat til Stortinget i 2009, og vart vald då Arbeidarpartiet gjorde eit sterkt val og kapra distriktsmandatet til Olsens frå Sosialistisk Venstreparti.
På Stortinget er Olsen medlem av kommunal- og forvaltingskomiteen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ingalill Olsen hos TV 2
- «– Ville aldri spist fisk herfra», NRK Nyheter, 14. februar 2009