(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Iráklio i Aten – Wikipedia Hopp til innhald

Iráklio i Aten

Koordinatar: 38°03′N 23°45′E / 38.050°N 23.750°E / 38.050; 23.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For byen på Kreta, sjå Iráklio.
Iráklio
Lokalt namn Ηράκλειο

Geografi
Stad Aten
Koordinatar 38°03′N 23°45′E / 38.050°N 23.750°E / 38.050; 23.750
Areal 4,65 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Nord-Aten
Hovudsete Iráklio (50 494 innb.)
Demografi
Folketal 50 494 (2021[1])
Folketettleik 10 859 /km²

Iráklio (gresk Ηράκλειο), eldre former Heraklion og Irakleio, er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]

Iráklio er delt inn i tre delar, Paleó (gamle), Néo (nye) og Áno (øvre) Iráklio. I perioden under Det osmanske riket til den greske sjølvstendekrigen vart byen kalla Arakli.

Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men i 1920-åra vart det derimot urbanisert og industribygningar erstatta gardane. I dag er stort sett heile området bustadar. Ein kan sjå Párnitha herifrå og Pendéli i nordaust.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]