(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Isaak Guderian – Wikipedia Hopp til innhald

Isaak Guderian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isaak Guderian

Fødd31. januar 1995 (29 år)
FødestadMinden
OpphavTyskland
Verka somsongar

Isaak Guderian (fødd 31. januar 1995),[1] kjend mononymt som Isaak, er ein tysk artist. Han representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Always on the Run».[2]

Bakgrunn og privatliv[endre | endre wikiteksten]

Guderian blei fødd i 1995 av ei islandsk mor og ein tysk far og vaks opp i Porta Westfalica i Nordrhein-Westfalen. Han bur for tida i Espelkamp saman med kona si Loreen og deira to barn.[3][4][5]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Isaak på scena under Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

Guderian byrja sin musikalske karriere som gatemusikar, og starta deretter eit band.[4][5][6] I 2011 deltok han i den tyske versjonen av X Factor med ein versjon av Oasis-hiten «Wonderwall».[7]

Som 18-åring skipa Guderian sitt eige selskap for å organisere lokale og alternative musikkarrangement. I 2020, under COVID-19-pandemien, byrja han å komponere musikk, og i 2021 fekk han sitt store gjennombrott då vann han talentprogrammet Show Your Talent.[5][6] I 2024 deltok Guderian i musikkonkurransen Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024, der vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Han deltok med låten «Always on the Run» og vann konkurransen etter å ha fått flest poeng frå sjåarane og juryane.[6][8] Han fekk dimed retten til å representere Tyskland i finalen av Eurovision Song Song Contest laurdag 11. mai 2024.[6] I finalen enda han på 12. plass med 117 poeng.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:Cite Instagram
  2. «Singer Isaak to represent Germany at Eurovision 2024 – DW – 02/17/2024». dw.com (på engelsk). Henta 17. februar 2024. 
  3. «Íslendingur keppir í Eurovision fyrir hönd Þýskalands» [An Icelander competes in Eurovision on behalf of Germany]. Morgunblaðið (på islandsk). 17. februar 2024. Henta 17. februar 2024. 
  4. 4,0 4,1 Schwemling, Patrick (17. februar 2024). «Alles begann als Straßenmusiker» [Everything began as a street musician]. Mindener Tageblatt (på tysk). Henta 17. februar 2024. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Mancheño, José Miguel (18. februar 2024). «¿Quién es Isaak? Conoce al representante de Alemania en Eurovisión 2024» [Who is Isaak? Get to know the representative of Germany in Eurovision 2024] (på spansk). Henta 19. februar 2024. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Always On The Run! It's Isaak for Germany in Malmö». Eurovision.tv. EBU. 17. februar 2024. Henta 17. februar 2024. 
  7. «X Factor 2011: Isaak Guderian punktet mit 'Wonderwall'.» [X Factor 2011: Isaak Guderian on point with 'Wonderwall'.]. vox.de (på tysk). 19. desember 2013. Henta 17. februar 2024. 
  8. Mancheño, José Miguel (17. februar 2024). «Isaak gana el Das Deutsche Finale y representará a Alemania en el Festival de Eurovisión 2024» [Isaak wins Das Deutsche Finale and will represent Germany in the Eurovision Song Contest 2024]. ESCplus España (på spansk). Henta 17. februar 2024. 
  9. «Grand Final of Malmö 2024 - Germany Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 12. mai 2024.