Isstokk
Isstokk er eit curling-aktig spel som går føre seg på is eller ein på ein berr bakke. Spelet er mest utbreidd i sørlege Tyskland og Austerrike. Deltakarane i spelet lét «stokkar» med runde føter gli over isen og prøver anten å koma nærast eit mål, eller å få stokken lengst mogleg. Ulikt curling påverkar ein ikkje friksjonen mellom stokken og underlaget.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Eit bilete av Pieter Bruegel den eldre frå 1565 viser eit isstokkaktig spel. I 1930 blei idretten organisert. Eit tysk isstokkforbund blei danna i1934 og den første tyske meisterskapen blei halden i 1936.
Isstokk var demonstrasjonssport i Vinter-OL i 1936 og 1964.
Den første europameisterskapen blei halden i 1951 og den første verdsmeisterskapen i 1983, etter at Det internasjonale isstokkforbundet blei danna. Totalt er det 40 land som speler isstokk.