Ivar Giæver
Ivar Giæver eller Giaever (fødd 5. april 1929) er ein norsk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1973.
Livssoge
[endre | endre wikiteksten]Giæver var fødd i Bergen men voks opp på Toten, der faren var apotekar. Etter å ha jobba eitt år ved Raufoss ammunisjonsfabrikkar studerte Giæver ved NTH, der han blei ferdig sivilingeniør i 1952. Dette året gifta han seg òg med Inger Skramstad.
To år etter at utdanninga var avslutta utvandra ekteparet til Canada, der Ivar Giæver blei tilsett i selskapet General Electric. Frå 1958 var han tilknytt forskingsdelen av selskapet.
Han studerte fysikk vidare ved Rensselaer Polytechnical Institute i staten New York. I 1964 blei han både dr.philos. og amerikansk statsborgar. Giæver forlet General Electric i 1988 og blei professor ved Rensselaer. Han er òg utnemnd til professor ved Universitetet i Oslo, der han er gjesteførelesar kvar sommar.
Forsking
[endre | endre wikiteksten]I tida mellom 1958 og 1969 fokuserte Giæver på elektron-tunnelering gjennom tynne isolerande filmar mellom metall som fungerte normalt og som superleiarar. Det var banebrytande arbeid innan dette felte som gav han Nobelprisen i fysikk i 1973, saman med Leo Esaki.
I 1969 studerte Giæver biofysikk i Cambridge og har sidan jobba mykje med dette området.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- nobelprize.org
- uio.no Arkivert 2005-11-30 ved Wayback Machine.