(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Jennifer Simpson – Wikipedia Hopp til innhald

Jennifer Simpson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jennifer Simpson


Statsborgarskap USA
Fødd 23. august 1986 (38 år)
Webster City
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016
Utmerkingar Honda Sports Award for Track & Field, The Bowerman

Jennifer Mae Simpson, fødd Barringer, (fødd 23. august 1986) er ein USA-amerikansk mellomdistanse- og hinderløpar frå Webster City i delstaten Iowa. Ho vart verdsmeister på 1500 meter under VM i friidrett 2011 og tok sølvmedaljen på same distansen i verdsmeisterskapane 2013 og 2017. Og i Sommar-OL 2016 la ho beslag på bronsemedaljen på 1500 meter.

Jennifer Barringer satsa på 3 000 meter hinder fram til 2009. Ho deltok i denne øvinga både under Sommar-OL 2008 og friidretts-VM 2009, i den sistnemnde tevlinga vart ho nummer fem med personleg rekord på 9.12,5. Etter å ha gått skadd i 2010-sesongen valde ho å prioritere 1500 meter.

Under verdsmeisterskapen i Daegu i 2011 spurta Jennifer Simpson til siger på 1500 m. Året etter lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til 1500-metersfinalen under sommar-OL i London. Derimot sprang ho inn til VM-sølv på 1500 m under VM i fridrett 2013 i Moskva. I 2014-sesongen forbetra ho den personlege rekorden på 1500 m til 3.57,2 då ho vart nummer to i Diamond League-stemnet i franske Saint-Denis. Etter å ha sikra seg bronsemedaljen på distansen i eit luseløp under dei olympiske leikane i Rio de Jainero, fylgde ho Faith Kipyegon heilt til målstreken då friidretts-VM 2017 vart avvikla i London og vart løna med eit VM-sølv nummer 2.

Jennifer Barringer i 2008

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]