Jieh
Jieh | |||
الجية | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Chouf distrikt | ||
Høgd | 0 moh. | ||
Koordinatar | 33°39′56.51″N 35°25′36.46″E / 33.6656972°N 35.4267944°E | ||
Borgarmeister | Georges Nader El-Azzi | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Jieh 33°39′57″N 35°25′36″E / 33.665697222222°N 35.426794444444°E | |||
Kart som viser Jieh.
| |||
Wikimedia Commons: Jieh |
Jieh (eller Jiyé, Jiyeh, arabisk الجية) er ein kystby i Libanon med eit estimert folketal på 5000. Han ligg 23 km sør for Beirut i Chouf distrikt, 20 minuttar unna langs motorvegen mellom Beirut og Sidon. I fønikisk tid vart han kalla Porphyreon og var ei naturleg hamn, som framleis er i bruk i dag. Byen er òg kjend for den sju kilometer lange sandstranda, noko som er sjeldan å sjå på den klippete kysten til Libanon.
Den hebraiske profeten Jonah skal ha kome i land her, då han vart spytta ut av ein enorm fisk, slik det vart skildra i Gamletestamentet, og det vart bygd eit tempel som framleis står i dag.[1] Mange invasjonsstyrkar passerte gjennom Porphyreon som egyptaren Tohomtmos, som sette soldatane sine i land her for å kjempe vidare mot nord. Aleksander den store tok seg ein kvil ved kysten her, etter åtaket på Tyr. St. Peter og apostelen Paulus vandra òg gjennom Jieh fleire gonger.[2]
I moderne tid vart Jieh hardt råka av den libanesiske borgarkrigen som varte frå 1975 til 1990. Som ein kystby var han sårbar for mange raid frå PLO i området, i tillegg til den israelske invasjonen i 1980-åra. Jieh er bygd opp att, men det går seinare her enn i hovudstaden Beirut.
Arkeologi
[endre | endre wikiteksten]Byen har fleire arkeologiske ruinar, somme gravlagde under moderne bygningar, medan andre ventar på å bli grave fram. Ein har funne mosaikk som syner soga om profeten Jonah og fisken i Gamletestamentet i kyrkjer.[3] Døme på desse er den store golvmosaikken frå bysantinsk tid, som var så store at ein trengde lastebilar for å frakte dei til eit museum.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Det store turistmålet i Jieh er den 7 km lange sandstranda. Han ligg nær Beirut og vatnet er reint nok til at ein kan symje her. Fleire privateigde feriestader ligg langs stranda, og tar i mot mange turistar. Ein del av stranda er berre for kvinner.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jieh» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Jieh Of Arkivert 2012-04-18 ved Wayback Machine. ficial website - www.jieh.gov.lb
- JiehOnline
- jieh official Facebook - https://www.facebook.com/pages/Jieh/204587569609638?ref=hl
- Pollution i Libanon[daud lenkje]
- USA Trade Online: Libanon Country Analysis[daud lenkje]
- Blank, S.J. (Ed), Middelhavet Security into the coming Millennium, 1999
- St Charbel College Website (French) Arkivert 2018-11-10 ved Wayback Machine.
- Electricite du Liban website Arkivert 2006-05-19 ved Wayback Machine.
- North York Knights of Columbus Website for fundraising the rebuilding of churches where Jesus walked and preached
- Bamboo Bay Jieh, 360° Panoramic View
- Kazzi, Antoine Naji, 1988, Porphyreon: The path of history, Khalifh publishing, Beirut, Libanon
- ^ Azzi, A., Jieh Through history Atallah Family Website Arkivert 2005-08-29 ved Wayback Machine.
- ^ The story of the Prophet Jonah and the giant fish
- ^ Pictures of Byzantine church excavations, Dec 2004
- ^ Bamboo Bay Jieh, 360° Panoramic View