Jiuquan
Jiuquan (kinesisk:
Byprefekturet Jiuquan omfattar eitt distrikt (
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Jiuquan har eit kaldt ørkenklima, med lange, kalde vintrar, og heite, til dels turre somrar. Månadstemperaturen varierer frå −9,0°C i januar til 21,7°C i juli, årleg middeltemperatur er 7,5°C. Nesten heile året er det stor skilnad på dag- og nattetemperaturane. Administrasjonsbyen Suzhou ligg om lag 1 500 meter over havet.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, vegen passerer mellom andre Suzhou i Jiangsu, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.
Byprefekturet har flysamband over flyplassen som ligg ved byen Jiayuguan.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Suzhou vart grunnlagt i 111 fvt som ein militær utpost ved Silkevegen til Sentral-Asia. Då det var ein nøkkelstad i Hexi-korridoren, var Suzhou ofte som ein festningsby, og som inn i mellom vart erobra med stort mannetap, som då Meng Qiaofang tok det frå Ding Guodong i 1649, eller då Qing-generalen Zuo Zongtang i 1873 tok det frå hui-folket under muslim-opprøret.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jiuquan» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2012.