Henrik Nissen
Henrik Nissen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. april 1848 Christiania |
Død |
4. juni 1915 (67 år) |
Yrke | arkitekt |
Politisk parti | Høgre |
Far | Hartvig Nissen |
Henrik Nissen på Commons |
Johannes Henrik Nissen (fødd (21. april 1848–4. juni 1915) var ein norsk arkitekt og son til Hartvig Nissen. Arkitekten Henrik Nissen d. e. var elev ved arkitekt Wilhelm von Hannos tegneskole i Kristiania i åra 1867-69 og samtidig ved Den kongelige tegneskole. 1869-70 var han elev ved Berlins Bauakademie men blei avbroten av den fransk-tyske krigen i åra 1870-71. I denne perioden var Nissen igjen elev hos von Hanno, og samtidig hospiterte han i bygningsfag og kjemi ved Den militære høyskole i Kristiania. Ved avslutninga av den fransk-tyske krigen returnerte Nissen til Berlin, der han igjen var elev ved Bauakademie fram til 1874. Han gjekk også ei tid i murarlære.
Henrik Nissen blei tilsett hos arkitektane Due & Steckmest i Kristiania i 1874, der han var med på utforminga av Steen & Strøm sitt forretningsbygg som brann ned i 1929. Nissen etablerte eigen praksis i Kristiania i 1875 og samarbeidde samtidig (1878-85) med arkitekt Holm Munthe. Dette kompaniskapet resulterte blant anna i Kristiania bad (1881-83, rive), Otto Andersens skole (Uranienborgveien 7, 1884, brann ned 1909) og Kristiania handelsgymnasium (Munchs gate 4, 1883-85).
Kyrkjebygningar
[endre | endre wikiteksten]- Bygdøy kapell 1876, brann 1958
- Arneberg kyrkje 1878
- Furuset kyrkje (Ullensaker) 1879
- Berg trekyrkje 1878
- Berkåk kyrkje 1878
- Fjørtoft kyrkje 1878
- Nesset kyrkje 1878
- Hjørundfjord kyrkje 1880
- Hyllestad kyrkje 1880
- Myrbostad kyrkje 1880
- Vestre Spone kapell 1880
- Fresvik kyrkje 1881
- Arnadal kyrkje 1882
- Atneosen kapell 1882
- Folldal kyrkje 1882
- Gol kyrkje 1882
- Hemsedal kyrkje 1882
- Vestbygd kyrkje (Lødingen) 1885
- Vestby kyrkje 1886
- Sandstad kyrkje 1888
- Høvik kyrkje 1898
- Borgestad kyrkje 1907
- Laget kapell 1908
- Bæivasgiedde kapell 1915
Andre bygningar
[endre | endre wikiteksten]- Skippergata 6 (1876)
- Villa Parafina i Kristiania (Parkveien 45, 1876-77)
- Schiøllgården (Alliansen) i Prinsens gate 26, 1881
- Torggata 36 (1888)
- Sjømannshjemmet i Stavanger (1879)
- Breidablikk i Stavanger, oppført i 1881-83
- Sandefjords kurbad, 1899.
- Grand Hotels speilsal (1886)
- Calmeyers gates misjonshus, Calmeyers gate 1 (1891, rive 1971)
- Det Medisinske Selskab, Kristian IVs gate 9 (1892)
- Frimurerlogen Nedre vollgate 19 (1887-94)
- Kristiania sparebank, Øvre Slottsgate 3 (1896-1901)
- Hartvig Nissens skole i Niels Juels gate 56 (1898)
- Grünerløkka Skole i Toftes gate 44 (1895)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- http://www.artemisia.no/arc/arkitekter/norge/nissen.henrik.html" artikkel frå arc! [1]
- Norsk kunstnerleksikon, Universitetsforlaget, 1982-86
- Arkitektur i Oslo, Kunnskapsforlaget, 1999
- Kristiania i Oslo, Fortidsminneforeningen, 1996
- Helga Stave Tvinnereim. Arkitektur i Ålesund. 1904-07. 1981
- Teknisk ukeblad, 1915
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Henrik Nissen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2009.