(Translated by https://www.hiragana.jp/)
John Krogh – Wikipedia Hopp til innhald

John Krogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Krogh
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1938
Trondheim
Død 18. januar 2019 (80 år)
Idrett fotball

John Olav Krogh (12. september 193818. januar 2019)[1] var ein norsk fotballspelar frå Trondheim. Han spelte 11 landskampar for Noreg i 1962-63. Krogh var ein senterløpar av den tradisjonelle engelske typen med stor gjennombrotskraft og tunge skot.

Krogh spelte for Freidig i tida 1957 til -60. Klubben deltok i Hovedserien 1958/59-sesongen, men vart med 12 poeng nest sist i B-avdelinga og rykte ned att i Landsdelserien. Han melde seg til teneste for Rosenborg BK frå 1961 og spelte andredivisjonfoball til 1963. I 1964 spelte for han for Högadals IS, ein klubb frå Karlshamn i Sverige som deltok på nivå to i nasjonal fotball. Krogh la opp ved sesongslutt.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Krogh debuterte i EM-kvalifiseringskampen mot Sverige 21. juni 1962, ein kamp som enda med svensk bortesiger 2-0. Den 4. juni 1963 skåra han eitt av måla då Noreg vann overraskande 4-3 over Skottland i Bergen, hans fjerde og siste landslagsmål. Han spelte sin 11. og siste landskamp då Danmark gjesta Oslo i september 1963, og slo heimelaget 4-0.