John Sivebæk
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 25. oktober 1961 (63 år) | ||
Fødestad | Vejle i Danmark | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Høgreback | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1980–1985 | Vejle | 296 | (41) |
1986–1987 | Manchester United | 31 | (1) |
1987–1991 | Saint-Étienne | 129 | (1) |
1991–1992 | Monaco | 23 | (0) |
1992–1994 | Pescara | 61 | (2) |
1994–1996 | Vejle | 28 | (0) |
1996-1997 | Aarhus | 27 | (0) |
Landslag | |||
1978–1980 | Danmark U-19 | 21 | (3) |
1980–1983 | Danmark U-21 | 13 | (0) |
1982–1992 | Danmark | 87 | (1) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
John Sivebæk (fødd 25. oktober 1961) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Vejle, som vart europameister med Danmark i 1992. Han var ein snøgg, offensiv og teknisk sterk sideback spelte 87 landskampar i tida 1982-92.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Sivebæk spelte dansk toppfotball med heimlege Vejle Boldklub åra 1980-84, og var i 1981 med å vinne cupfinalen 2-1 over BK Frem og verte seriemeister i 1984. Vinteren 1985 fekk han kontrakt med Manchester United, der han fekk heller lite speletid. Frå 1987 til -91 var han aktiv i franske AS Saint-Étienne, medan han i 1991/92-sesongen spelte for konkurrenten AS Monaco. Etter to sesongar i italienske Pescara vende han i 1994 heim til Vejle BK. Han avslutta si tid som aktiv med spel på Aarhus GF (AGF) i 1996/97-sesongen.
Landslagspel
[endre | endre wikiteksten]Sivebæk debuterte på landslaget i mai 1982, og spelte i tre av Danmark fire kampar i fotball-EM 1984. Han skåra sitt einaste landslagsmål då Irland vart slått 4-1 i ein VM-kvalifiseringskamp i november 1985. Både under VM i fotball 1986 i Mexico og EM i fotball 1988 deltok han i fleire av dei danske kampane. Høgdepunktet kom då Danmark overraska ved å vinne europameisterskapen i Sverige i 1992, etter 2-0 over Tyskland i finalen. Han bidrog då i alle seks kampane, i sjølve finalen vart han skadd midtvegs i andre omgang og bytta ut. Seint om hausten 1992 vart han bytta ut då danskane gjesta Nord-Irland, i det som vart hans 87. og siste landskamp.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1992 med Danmark
- Dansk seriemeister: 1984 med Vejle BK
- Dansk cupmeister: 1981 med Vejle BK
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Sivebæk» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2017.