(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Junkers Ju 52 – Wikipedia Hopp til innhald

Junkers Ju 52

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


DNL sitt LN-DAF «Najaden3»

Junker Ju 52, med kallenamn «Tante Ju», var eit kombinert passasjar- og transportfly produsert mellom 1932 og 1945 av den tyske flyprodusenten Junkers. Prototypen flaug fyrste gong 13. oktober 1930. Han var konstruert av Ernst Zindel ved Junkers-fabrikkane i Dessau. Flyet sitt «bølgjeblikk»-skrog gav det ein karakteristisk kasse-liknande utsjånad.

Flyet var ei viaerutvikling av, og hadde likskapstrekk med, andre Junkers-fly som W33/W34. Det var utstyrt med éin motor, vekselsvis produsert av BMW og Junker, men allereie under dei første prøveflygingane blei det klart at flyet hadde utilstrekkeleg yteevne. Det blei difor utvikla ein modell med 3 motorar kalla Ju52/3m. Den nye utgåva var først utstyrt med tre Pratt & Whitney Hornet-motorar som seinare blei erstatta med BMW 132-motorar. Dei to ekstra motorane gav flyet betre yteevne og større lastekapasitet. Eksportmodellane blei som oftast utstyrte med Pratt & Whitney Wasp- eller Bristol Pegasus-motorar.

Sivil teneste

[endre | endre wikiteksten]

I utgangspunktet var flyet meint å vera eit frakt- og postfly. Med 15-17 sitteplassar blei det populært som passasjerfly, og Junker fekk bestillingar frå land i Sør-Amerika, Sør-Afrika og fleire land i Europa. I Noreg bestilte Det Norske Luftfartselskap (DNL) tre fly med flottørar i 1935. DNL sine fly blei opphavleg leverte med Hornet-motorar.

Militær bruk

[endre | endre wikiteksten]
Ju 52 i Luftwaffe-fargar. Utstilt ved Flysamlingen på Gardermoen.

Ju 52 blei først brukt som militærfly under den spanske borgarkrigen både til troppetransport og til transport av fallskjermsoldatar. Flyet blei òg nytta som bombefly under bombinga av Guernica. Luftwaffe brukte flyet under heile den andre verdskrigen, inklusive invasjonen av Noreg 9. april 1940.

Ju 52 var eit relativt langsamt fly med ein toppfart på 265 km/t. Det var i tillegg lett væpna. Det var difor naudsynt med jagereskorte, men tapa var likevel store. Ved slutten av krigen blei mange eksemplar hogde opp, men det finst enno eksemplar av flyet igjen i museum over heile verda. Eit lite tal er framleis i bruk som veteranfly.

Produksjonen av Ju 52 opphøyrde i Tyskland i 1945, men heldt fram i Frankrike og Spania fram til 1949. Det er tilsaman bygd 5 415 Ju 52. Av desse blei 400 bygga i Frankrike og 170 i Spania.

Ju 52 er òg den flytypen som kan notera lengst levetid. Dei siste Ju 52 var i bruk av flyvåpenet i Sveits, og blei tekne ut av teneste i 1982.

Spesifikasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Ju 52
Ju 52/3m
Dimensjonar
Vengespenn 29,25 m
Vengeareal 110,50
Lengd 18,80 m
Høgd 4,50 m
Vekt
Nettovekt 6 560 kg
Maksimal startvekt 10 515 kg
Ytingar
Toppfart 260 km/t
Klatrehastigheit 3,47 m/sek
Topphøgde 5400 m
Rekkjevidd 1400 km
Anna
Motorar 3 × BMW 132T-2 stjernemotorar (830 hk)
Bestykning 3 × 7,92 mm mitraljøser

Norskregistrerte Ju 52

[endre | endre wikiteksten]

Følgjande Junker Ju 52 har vore registrert i Norges luftfartøyregister:

9. april 1940 blei DNL sine tre fly beslaglagde av okkupasjonsmakta:

  • LN–DAF «Najaden».
  • LN–DAH «Falken».
  • LNDAI «Hauken» – havarerte i Hommelvik 1. mars 1943.

Etter 1945 fekk DNL tilbake to tidlegare fly:

  • LN–DAF omregistrert LN–KAG «Tyrihans».
  • LN–DAH omregistrert LN–KAF «Askeladden».

Frå Luftwaffe overtok DNL sju fly:

  • LN–LAB , havarert på Snarøya 22. mai 1946 i Snarøya-ulukka.
  • LNKAD «Per» – opphogd 14. november 1950.
  • LNKAE «Pål» – opphogd 28. november 1950.
  • LNKAB «Tyrihans» – opphogd 25. mai 1948.
  • LNKAI «Peik» – opphogge 25. mai 1948.
  • LNKAU «Ulabrand» – brukt til reservedelar.
  • LNKAL – brukt til reservedelar.

Museums- og veteranfly

[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire Ju 52 i fly- og transportmuseum. I Noreg finst ein Ju 52 i militære fargar ved Forsvarets flysamling, Gardermoen, og ein sivil variant ved Norsk Luftfartsmuseum i Bodø.

  • HBHOP, Ju 52/3m – eigar: Ju-Air, Dübendorf Air Base i Sveits.
  • HBHOS, Ju 52/3m – eigar: Ju-Air, Dübendorf Air Base i Sveits.
  • HBHOY, CASA 352A-3 – eigar: Ju-Air, vanlegvis plassert i Mönchengladbach i Tyskland eller på Dübendorf Air Base.
  • DCDLH, Ju 52/3m – eigar: Deutsche Lufthansa Berlin-Stiftung (sjå under).
  • ZSAFA, CASA 352 – eigar: South African Airways Historic Flight, Swartkop i Sør-Afrika.
  • N352JU, CASA 352L – eigar: Commemorative Air Force, Gary Regional Airport, Indiana, USA.
  • FAZJU, CASA 352 – eigar: Amicale J.B. Salis Cerny/La Ferté Alais ved Paris i Frankrike.

DNLs «Askeladden», no D–CDLH

[endre | endre wikiteksten]
Den tidlegare «Askeladden» No med tysk registrering.

Det eldste eksemplaret blei produsert i 1936 for Lufthansa og blei registrert som D–AQUI «Fritz Simon». Flyet blei selt til DNL i 1936 som erstatning for «Havørn», som gjekk tapt i Havørnulukka, og blei registert som LN–DAH «Falken». Dette blei konfiskert av Luftwaffe i 1940 og fekk då attende den tidlegare registreringa DAQUI og namnet «Kurt Wintgens», etter eit flygaress frå den fyrste verdskrigen.

Etter krigen kom flyet tilbake til DNL og blei brukt på Finnmarksruta fram til 1956. Flyet blei tilbode Norsk Teknisk Museum, som måtte avstå frå å motta gåva på grunn av plassmangel. Det blei då lagt ut for sal. Etter eitt år blei det selt til Transportes Aereos Orientales i Ecuador, og fekk den nye registreringa HC–ABS «Amazonas». Det blei teke ut av teneste i 1963 og vart så ståande på Quito Airport i fem år. Deretter vart flyet kjøpt av den tidlegare jagerflygaren i American Air Force, Lestar Weaver for 52 500 dollar og vart registrert som N130LW. Dei amerikanske luftfartsstyresmaktene nekta likevel å sertifisera det til anna enn bruk til framsyning på flystemne og liknande.

Flyet blei så kjøpt av flygaren og forfattaren Martin Caidin (1926-1997) for 150 500 dollar, som registrerte det som N52JU «Iron Annie». Caldin brukte to år på å setja flyet i stand og fekk sertifisert det i 1976 utan restriksjonar. Han heldt på det fram til desember 1984, då det blei kjøpt tilbake av Lufthansa og floge til Hamburg via Grønland, Island og England. Etter eitt år med omfattande restaurering, byrja det sin nye karriere med rundflygingar over tyske byar. Flyet har fått ny offisiell registrering D–CDLH, målt under haleroret til flyet. Likevel er den gamle registreringa D–AQUI målt på vingane, og flyet har fått namnet «Tempelhof». Flyet er kvart år i full trafikk gjennom heile sommarhalvåret og flyr fleire rundturar kvar dag omkring i heile Tyskland.

Ju 52-veteraner som framleis er flygedyktige

[endre | endre wikiteksten]
Lufthansa Ju 52/3m (D–CDLH) malt i sine opprinnelige farger som D-AQUI.
Ju-Air Ju 52/3m (HB-HOT), totalskadet ved en flystyrt i Sveits 2018.
Commemorative Air Force CASA 352 (N352JU).
Ju-Air CASA 352 (HB–HOY) i Zürich.
Ju-Air Ju 52/3m g4e (HB-HOS).
Amicale J.B. Salis CASA 352 (F–AZJU).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]