(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Kåpe – Wikipedia Hopp til innhald

Kåpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brun ullkåpe med belte ved Oslo Museum.

Kåpe (av norrønt kápa) er eit kne- eller fotsidt klesplagg som dekker overkroppen og er meint for utandørsbruk. Det blir vanlegvis nytta av kvinner, og tilsvarar frakk for menn.[1]

Kåper kan vera av ei rekkje ulike materiale, som skinn, pels, ull, lin og bomull, eller kunststoff som viskose og polyester.[2] Dei kan ha ulike lengder, frå lårlengd til å vera fotside, og har som regel lange erme. Kåper kan også ofte ha belte, krage og slag.[3][4]

Badekåpe eller morgonkåpe er mindre formelle klede ein kan bruka i samband med avkleding eller bading.[5][6]

Kåpe kan også visa til ei sid kappe brukt som vyrdnadsteikn av fyrstar og geistlege, som ei kroningskåpe eller ei bispekåpe.[1]

  1. 1,0 1,1 «kåpe» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Lange kåper: Ruter, beige, grå og vintage», MinMote (på norsk), 24. januar 2023, henta 2. september 2024 
  3. Ruus, Mari (19. november 2010), «Ti lekre vinterkåper», www.klikk.no (på norsk bokmål), henta 2. september 2024 
  4. Busterud, Kjersti (3. oktober 2009), «Her er høstens kåpetrend», Nettavisen (på norsk), henta 2. september 2024 
  5. «badekåpe» i Nynorskordboka.
  6. «morgonkåpe» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]