Kapp Arktis
Kapp Arktis (russisk Мыс Арктический eller Mys Arktitsjeskij) er det nordlegaste punktet på øya Komsomolets i Russland, som igjen er den nordlegaste øya i øygruppa Severnaja Zemlja i Nordishavet. Under Josef Stalin vart neset kalla Kapp Molotov.
Neset ligg 990,7 km frå Nordpolen og Kapp Arktis vert stundom nytta som utgangspunkt for ekspedisjonar til Nordpolen. Koordinatane er 81°13′N 95°15′E / 81.217°N 95.250°E
Kapp Arktis er ikkje det nordlegaste punktet i Russland og Eurasia. Dette er Kapp Fligely på Rudolføya, ei øy i øygruppa Frans Josefs land. Det nordlegaste punktet på det asiatiske fastlandet er Kapp Tsjeljuskin.
Kapp Arktis òg den nordaustlegaste grensa for Karahavet, som er den austlege enden av ei linje som går frå Kapp Kohlsaat i Frans Josef Land til Kapp Arktis.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arctic Cape» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |