(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Karakaraer – Wikipedia Hopp til innhald

Karakaraer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karakaraer
Gribbkarakara, Caracara plancus Foto: Doug Janson
Gribbkarakara, Caracara plancus
Foto: Doug Janson
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Karakaraer Caracarinae

Karakaraer er ni nolevande fugleartar i fem biologiske slekter av rovfuglar i falkefamilien. Dei lever i neotropane.

I motsetnad til falkane i Falco-slekta, same familie, er ikkje fuglane i dei fem aktuelle slektene raske luftjegerar, men er relativt langsame og ofte åtseletarar.[1]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Alle dei ni artane finst i eit eller anna område av Sør-Amerika, tre av dei finst òg i Mellom-Amerika.

To artar lever lågtliggande i tropisk skogshabitat. Dette er svartkarakara (Daptrius ater) som er etablert i regnskogen i Amazonas og raudstrupekarakara (Ibycter americanus) over Amazonasbekkenet og nordvestlege Colombia. Kremkarakara (Milvago chimachima) har eit vidare utbreiingsområde, finst også i Mellom-Amerika nord til Costa Rica, men lever i meir opne område og kan gå opp til 2500 moh. Tre artar har habitat i høgtliggande område: paramokarakara (Phalcoboenus carunculatus) i páramo langs Andes i Ecuador og sørlege Colombia, fjellkarakara (Phalcoboenus megalopterus) i Andes, 2000-5000 moh. frå sørlegaste Ecuador i nord til Colchagua-provinsen i Chile og sentrale Argentina i sør, og kvitbrystkarakara (Phalcoboenus albogularis) lever i sørlege Sør-Amerika med Los Lagos-regionen i Chile og sørlegste Mendoza-provinsen i Argentina som nordgrense.

Yttergrensene av karakaraene sitt utbreiingsområdet er representert av gribbkarakara (Caracara plancus). Det strekkjer seg så langt nord som til statane Arizona, Texas og Florida i USA og sør til Falklandsøyane og Eldlandet.[2] Gribbkarakaraer føretrekk opne eller halvopne habitat og finst ofte i nærleiken av menneske. I sørlege Sør-Amerika finst brunkarakara (Milvago chimango). Brungumpkarakara representerer den mest innskrenka og sørlegaste utbreiinga, arten er etablert på Falklandsøyane og er dessutan utbreidd på øyane utanfor det ekstremt sørlege Sør-Amerika, slik som Kapp Horn og Eldlandet.[3]

Utanom dei to artane knytt til skog, og som ein har mindre kunnskap om, er karakaraer generalistar som i stor grad lever av åtseldyr og søkjer føde på bakken. Gribbkarakara og kremkarakara er skildra som åtselsetarar og begge er vanlege fuglar i urbane område. Karakaraer skil seg frå falkar ved at dei byggjer reir. Ettersom kråkefuglar berre finst på den nordlege halvkula, tar karakaraer sannsynlegvis tilsvarande nisjar i økosystema i neotropane.[3][4]

Raudlistestatusen for karakaraene er positiv, berre ein art er nær truga, alle andre er kategoriserte som livskraftige av Verdas naturvernunion, IUCN. Trugsmåla er menneskeskapte, eit døme er rottegift nett som for andre rovfuglar. Andre trugsmål inkluderer farar ved å beite på åtsel langs vegar.[4]

Karakaraer i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] Gruppering i underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]

Treliste
  1. Kirschbaum, K. (2004). «Falconidae (On-line)». Animal Diversity Web. Henta 9. juni 2024. 
  2. «Crested Caracara». All About Birds. Cornell Lab of Ornithology. Henta 21. august 2009. 
  3. 3,0 3,1 Morrison, Joan L., og James F. Dwyer (2024). «Caracaras: Exploring the Natural History and Conservation of an Understudied Raptor Group». Journal of Raptor Research 58 (2): 137–140. doi:10.3356/jrr24503. 
  4. 4,0 4,1 Morrison, Joan L., og Saggese, Miguel D. (2024). «Assessing Knowledge of the Caracaras: Compiling Information, Identifying Knowledge Gaps, and Recommendations for Future Research». Journal of Raptor Research 58 (2): 141–152. doi:10.3356/JRR-23-39. 
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Raptors». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 21. mai 2024. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 21. mai 2024. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 21. mai 2024.