Kichwa
Kichwa kichwa shimi, runashimi, quichua | ||
Klassifisering: | Quechuaspråk
| |
Tala i: | Ecuador, Colombia, Peru | |
Talarar: | 2–3 millionar | |
Glottolog: | colo1257 | |
Kichwa er ei gruppe quechuaspråk som blir snakka av rundt 2,5 millionar menneske. Det omfattar alle quechuaspråka tala i Ecuador og Colombia.
Språka har eit sameint skriftspråk, Shukyachiska Kichwa eller Kichwa Unificado.
Dei ulike kichwaspråka (dialektane)
[endre | endre wikiteksten]Misjonsorganisasjonen FEDEPI (2006) reknar opp åtte dialektar av quechua i Ecuador. Desse dialektane er her illustrert med setninga Mannen kjem til å kome om to dagar. (Ethnologue 16 (2009) reknar opp ni språk, og skil mellom Cañar og Loja Highland Quechua.) Tabellen viser dei ulike formene samanlikna med standardkichwa og standdardvarianten av sørleg quechua:
Dialekt | ISO-kode | Talarar i følgje SIL (FEDEPI) | Uttale | Orthografi (SIL eller offisiell) |
---|---|---|---|---|
Imbabura | [qvi] | 300,000 (1,000,000) | Čay xarikunaka iškay punžapižami šamuŋga | Chai jaricunaca ishcai punllapillami shamunga. |
Calderón (Pichincha) | [qud] | 25,000 | Čay xarikunaka iškay punžapižami šamuŋga | Chai jaricunaca ishcai punllapillami shamunga. |
Salasaca | [qxl] | 15,000 | Či kʰarigunaga iški pʰunžažabimi šamuŋga | Chi c'arigunaga ishqui p'unllallabimi shamunga. |
Chimborazo | [qug] | 1,000,000 (2,500,000) | Čay kʰarikunaka iški punžažapimi šamuŋga | Chai c'aricunaca ishqui punllallapimi shamunga. |
Cañar–Loja | [qxr] [qvj] |
(200,000) qxr: 100,000 qxl: 15,000 |
Čay kʰarikunaka iškay punža |
Chai c'aricunaca ishcai punzhallapimi shamunga. |
Tena Lowland | [quw] | 5,000 (10,000) | Či kariunaga iški punža |
Chi cariunaga ishqui punzhallaimi shamunga. |
Napo Lowland | [qvo] | 4,000 Ecu. & 8,000 Peru (15,000) | Či karigunaga iškay punča |
Chi carigunaga ishcai punchallaimi shamunga. |
Northern Pastaza | [qvz] | 4,000 Ecu. & 2,000 Peru (10,000) | Či karigunaga iškay punžallaimi šamunga. | Chi carigunaga ishcai punzhallaimi shamunga. |
Standard Kichwa | — | Chay karikunaka ishkay punllallapimi shamunka. | ||
Standard Southern Quechua (Qhichwa) | — | Čæy qʰarikunaqa iskæy p'unčawllapim hamunqa. | Chay qharikunaqa iskay p'unchawllapim hamunqa. |
Særmerke
[endre | endre wikiteksten]Orda for 'bror' og 'syster' er ulike etter kven som seier dei. Ei kvinne seier ñaña om ei syster og turi om ein bror, medan ein mann seier pani om ei syster og wawki om ein bror. Der ei kvinne vil seie «Ñuka turi Pedromi kan», vil ein mann seie «Ñuka wawki Pedromi kan».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kichwa» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2009.