Kirsten
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/51/Kirsten_Munk%2C_m%C3%A5lning_av_Jacob_van_Dort_fr%C3%A5n_1623.jpg/220px-Kirsten_Munk%2C_m%C3%A5lning_av_Jacob_van_Dort_fr%C3%A5n_1623.jpg)
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Kirsten_Gillibrand%2C_official_photo_portrait%2C_2006.jpg/170px-Kirsten_Gillibrand%2C_official_photo_portrait%2C_2006.jpg)
Kirsten er ein dansk variant av kvinnenamnet Kristine. Dette namnet kjem frå det latinske Christiana, 'kristen', som er er avleidd av det greske ordet for Kristus, Christós ('salva'). Namnet er i slekt med former som norsk og finsk Kirsti og svensk Kerstin.
Kirsten har norsk namnedag den 13. november.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Kirsten er det nest mest brukte kvinnenamnet i Danmark. Det var spesielt populært på jentebarn fødd på 1930-, 1940- og 1950-talet. Kirsten er også eit vanleg namn i Tyskland.
I Noreg var Kirsten mykje gjeve på 1700-talet og igjen rundt 1940-talet. Det var 9 293 kvinner som hadde Kirsten som første førenamnet i Noreg i 2008 (SSB).
Uttale[endre | endre wikiteksten]
På norsk blir namnet gjerne uttalt med kj-lyd i byrjinga, (IPA [ç]), medan det på andre språk er vanleg med ein hard k-lyd i byrjinga. I det germanske språkområdet er den første vokalen som regel ein i, medan han på engelsk gjerne blir meir som ein ø-lyd (IPA [kɜː(r)stən]).
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Kirsten Munk (1598-1658), gift med kong Kristian IV av Danmark-Noreg
- Kirsten Flagstad (1895-1962), norsk sopran
- Kirsten Hansteen (1903-1974), norsk politikar, første kvinnelege regjeringsmedlem
- Kirsten Auken (1913-1968), dansk lege og forkjempar for seksualopplysing
- Kirsten Holst (1936-2008), dansk forfattar
- Kirsten Bråten Berg (f. 1950), norsk folkemusikar
- Kirsten Gillibrand (f. 1966), USA-amerikansk kongresspolitikar
- Kirsten Dunst (f. 1982), USA-amerikansk skodespelar
Oppdikta personar[endre | endre wikiteksten]
- Kirsten Giftekniv, opphavleg frå skodespelet Den forvandlede brudgom av Ludvig Holberg
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kirsten» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kirsten hjå Statistisk Sentralbyrå