Kjøpekraftsparitet
Kjøpekraftsparitet (kkp, eng. purchasing power parity, PPP) eller kjøpekraftjustering er ein måte å samanlikna verdien av ulike valutaer med innan økonomi. For å finna paritet samanlikner ein kjøpekrafta, det vil seia kva ein kan få for pengane med ulike valutaer innanlands i ulike land. Dette reflekterer at prisnivå er forskjellige i ulike land, til dømes at ein får meir for 100 kroner (veksla til baht) i Thailand enn i Noreg.
To valutaer er i paritet om ein kan kjøpa same mengde varer og tenester for same sum i dei to landa dei høyrer til i. Om ein til dømes kan få det same for 100 NOK i Noreg som ein får for 100 SEK i Sverige, vil dei to valutaene vera i paritet.
Ofte bruker ein kjøpekraftsjustering til å finna ut kva vekslingskurs to valutaer skulle hatt for å gje lik kjøpekraft. Ein omtalar gjerne høvet mellom faktisk valutakurs og kjøpekraftspariteten som «den reelle valutakursen».
Kjøpekraftsparitet kan mellom anna brukast for å samanlikna levestandard, og kan bidra til å gje eit rettare bilde enn berre BNP. Metoden er blitt kritisert, til dømes fordi varene og tenestene ein samanlikner ikkje er like vanlege i ulike land, eller fordi han ikkje fanger opp store prisskilnader på ulike ting, til dømes matvarer og bustader. Prisar kan også variera innanfor eit land.
Utrekning
[endre | endre wikiteksten]Når ein samanaliknar BNP mellom land bruker ein ofte US-dollar som valuta. Med PPP kan ein då overføra prisar frå ein lokal valuta til dollar for å samanlikna landa. Ein samanlikner prisen på ei varekorg med same type varer i begge land. Ut frå prisane kan ein rekna ut ein ny, fiktiv vekslingskurs.
Kjøpekraftsparitetsteorien
[endre | endre wikiteksten]Kjøpekraftsparitetsteorien seier at valutakursar etterkvart vil følgja kjøpekraftsparitetane. Teorien har særleg fått støtte i tider der valutakursar har vore flytande, til dømes i 1920-åra og i 1980-åra etter at Bretton Woods-systemet, med fastsette kursar, braut saman.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «kjøpekraftsparitet» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Purchasing power parity» frå Wikipedia på engelsk, og «Köpkraftsparitet» frå Wikipedia på svensk den 4. mars 2010.