Knud M. Hauan
Utsjånad
Knud M. Hauan | |
Fødd | 31. oktober 1840 (184 år) |
Yrke | geolog |
Knud Møller Hauan (31. oktober 1840–10. desember 1898) var ein norsk geolog frå Levanger, kjend for kartlegginga av Trøndelag.
Hauan, som var son til ein garvemeister, gjekk i 1856 ut frå bergseminaret på Røros som den aller siste bergkadetten. Frå 1858 til -61 studerte han ved bergakademiet i Freiberg i Sachsen. Deretter var han i tre år amanuensis ved mineralkabinettet på Universitetet i Christiania.
Sidan var han knytt til bergverket på Røros. Somrane frå 1865 til 1874 kartla han geologien i Sør- og Nord-Trøndelag for Norges Geologiske Undersøkelse, i samarbeid med Theodor Kjerulf. Ved folketeljinga 1875 var han styrar av gruvedrifta i Ålen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok V. 1954.
- Folketeljinga 1875.