Knutshøa
Utsjånad
- Eit 1 517 meter høgt fjell på sørsida av Gjende i Jotunheimen ber òg namnet Knutshø
Knutshøa | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Oppdal (Trøndelag) | ||
Fjellkjede | Dovrefjell | ||
Høgd | 1 690 moh. | ||
Primærfaktor | 660 m | ||
Koordinatar | 62°18′23″N 9°41′12″E / 62.30639°N 9.68667°E | ||
Knutshøa 62°18′24″N 9°41′11″E / 62.306666666667°N 9.6863888888889°E |
Knutshøa er eit fjell i Oppdal i Trøndelag. Det har ei høgd på 1 690 meter over havet og er det 800. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.
Knutshøa består av tre toppar. Søre Knutshøa er den høgste med 1 690 moh, medan Nordre Knutshøa er 1 684 moh og Midtre på 1 617 moh.
Etter at botanikaren Matthias Numsen Blytt vitja området i 1836 fekk Kongsvoll-Knutshø-området ry for å ha ein særs artsrik flora. Sidan reiste ei mengd forskarar og amatørar hit, og den tidvis intense botaniseringsaktiviten førte til at området i 1911 blei det første i Noreg som fekk status som botanisk verneobjekt.[1] I dag er Knutshø Sør-Norges mest kjente plantefjell.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floraen i Drivdalen Arkivert 2013-10-17 ved Wayback Machine. på drivdalen.no
- ↑ Dovrefjells flora Arkivert 2013-03-24 ved Wayback Machine. på ntnu.no