Konstantin Tsjernenko
Konstantin Tsjernenko | |||
| |||
Fødd | 11. september 1911 Bolsjaja Tes | ||
---|---|---|---|
Død | 10. mars 1985 (73 år) | ||
Statsborgar av | Sovjetunionen | ||
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Ion Creangă Pedagogical State University Høyskolen under SUKPs sentralkomite | ||
Ektefelle | Anna Tsjernenko | ||
Barn | Albert Tsjernenko | ||
Medlem | Politbyrået i Sovjetunionen | ||
Alle verv |
|
Konstantin Ustinovitsj Tsjernenko (24. september 1911–10. mars 1985) var i knapt 13 månader frå 13. februar 1984 til han døydde i 1985 generalsekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) og leiar av Sovjetunionen.
Tsjernenko var frå ein landsby i dagens Krasnojarsk kraj i Sibir. Han var medlem av kommunistpartiet frå 1931 og arbeidde på ulike partikontor rundt om i Sovjetunionen til han i 1960 vart henta til hovudstaden Moskva. Frå 1971 var han medlem av sentralkomiteen i SUKP, i 1978 fekk han plass i politbyrået.
Då generalsekretæren i SUKP, Jurij Andropov, døydde i februar 1984, vart Tsjernenko vald til ny generalsekretær og leiar av Sovjetunionen. Innanrikspolitisk la han vekt på oppslutnad hos folket, og søkte betre jordbruket, dei offentlege tenestene og tilgangen på komsumvarer. Kampen mot korrupsjon som Andropov hadde sett i gang, vart stogga. Utanrikspolitisk førte han både ei kaldkrigs-line à la Brezjnev, og fekk i stand ein handelsavtale med Kina. Elendig helse gjorde det vanskeleg for han å ha kontroll over styringa av både partiet og unionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konstantin Tsjernenko» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2016.