Kotte
6°54′N 79°53′E / 6.900°N 79.883°E
Kotte | |||
by | |||
Land | Sri Lanka | ||
---|---|---|---|
Areal | 17 000 000 km² | ||
Folketal | 115 826 (2001) | ||
Kotte 6°54′00″N 79°54′59″E / 6.9°N 79.916388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Sri Jayawardenepura Kotte |
Sri Jayewardanapura Kotte (singalesisk ශ්රී ජයවර්ධනපුර කෝට්ටේ , tamil ஸ்ரீ ஜயவர்த்தனபுரம் கோட்டே), vanlegvis kalla berre Kotte, er den lovgjevande hovudstaden på Sri Lanka. Byen ligg om lag 8 km sør for Colombo, som er den administrative hovudstaden. Han har 117 600 innbyggjarar (estimat frå 2004).
Namnet «Kotte» (tamilsk kōṭṭai) tyder «festning». Byen var opphavleg ei borg, grunnlagd på 1200-talet av Nissanka Alagakkonara, ein tamilsk herskar, for å motstå innrykkingar frå Jaffna-kongedømet. Borga var bygd på eit myrlendt område og vart forsterka med ringmurar og ei djup vollgrav. Desse gjorde byen lett å forsvara, og han vart hovudstaden til dei singalesiske kongane av Kotte-riket i 1400-talet. På den tida fekk byen namnet «Sri Jayewardanapura Kotte», som tyder «Borga i den heilage siger-sterkande byen.»
Byen var hovudstaden åt Kotte-riket opp til slutten av 1500-talet. Han kom under portugisisk makt i 1565 då riket vart eit lydrike under Portugal. Etter at den siste kongen av Kotte-riket, Don Juan Dharmapala, døydde i 1597 fekk Portugal under Malvana-avtalen overhøgd over byen Kotte og resten av Kotte-riket. Portugisarane flytta hovudstaden sin til Colombo etter fleire åtak på Kotte. I utfall vart Kotte mindre viktig medan Colombo voks, og over dei neste hundreåra vart han til ein forstad åt Colombo sjølv om han enno hadde bystatus.
I 1979 avgjorde det srilankesiske parlamentet å flytta setet sitt åt Kotte. Avgjerda var både symbolsk og praktisk: parlamentet turvte ein større bygning, og det var vanskeleg å finna nok plass i Colombo. Den nye parlamentsbygningen vart innvigd 29. april 1982. Staten har planlagd å flytta andre departement dit over dei neste åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sri Jayawardenapura» frå Wikipedia på svensk, den 11. april 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Kotte» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2006.
- «Kotte» i Encyclopædia Britannica, 2005.