Kutter
Utsjånad
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5a/Tonnerres_de_Brest_2012_-_Le_Mutin_-_201.jpg/220px-Tonnerres_de_Brest_2012_-_Le_Mutin_-_201.jpg)
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0e/Fartygsportr%C3%A4tt-Kutter%2C_Kutter%2C_segelkuttrar_-_Sj%C3%B6historiska_museet_-_S_1813.tif/lossy-page1-220px-Fartygsportr%C3%A4tt-Kutter%2C_Kutter%2C_segelkuttrar_-_Sj%C3%B6historiska_museet_-_S_1813.tif.jpg)
Kutter er eit mellomstort segl- eller motorfartøy. Ein kutter kunne ha ei eller to master. Dei fyrste norske kutterane vart kjøpte frå England, sist på 1800-talet[treng kjelde]. Til skilnad frå dei fleste seglskip, som vert klassifiserte etter riggen, syner «kutter» til forma på skroget; vertikal stamn og rund utoverhengande hekk. Kutterar hadde gaffelsegl, og ofte toppsegl, på stormasta. Dei hadde òg eit par stagsegl.
Motorkutter
[endre | endre wikiteksten]Mange kutterar vart utstyrte med motor, og vart då kalla «motorkutter». Kutterar vart svært populære, spesielt på Vestlandet og motorkutterar var i bruk til langt ut på 1960-talet. Det oppstod betegnelsar som «mørekutter» og «hardangerkutter».
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)