Laakirchen
Utsjånad
Laakirchen er ein by og ein kommune i Distriktet Gmunden i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 32,5 km² og i kring 9 800 ibuarar. Byen Laakirchen med sine vel 4 100 ibuarar ligg 441 meter over havet. Kommunen elles omfattar tre landsbyar, Oberwis, Stötten og Lindach, og sju grender.
To papirfabrikkar og fire metall- og maskinprodusentar er største arbeidsplassane i kommunen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Laakirchen» frå Wikipedia på tysk, den 25. juli 2018.