Laber bris
Utsjånad
Laber bris er kategori 4 i Beaufortskalaen og er den midtre av briskategoriane. Vindsnøggleiken er då 5,5-7,9 m/s eller 20-29 km/t. I eldre sjønemning heiter vindstyrken merseils kuling.
Verknad
[endre | endre wikiteksten]På land
[endre | endre wikiteksten]Vinden løfter støv og lause papir, rører kvister og smågreiner og strekk større flagg og vimplar.
Til fjells
[endre | endre wikiteksten]Laber bris er ubehageleg i kaldt vêr og gjev merkbar motstand. Snødrevet mot ansiktet er særs sjenerande.
Til sjøs
[endre | endre wikiteksten]Bølgjene vert lengre (høgd 1-2 m) Ein del skumskavlar.
Andre språk
[endre | endre wikiteksten]Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Måttlig vind (på land), frisk bris (til sjøs) |
Dansk | Jævn vind |
Færøysk | Andøvsgul |
Islandsk | Stinningsgola |
Engelsk | Moderate breeze |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«laber bris» i Store norske leksikon, snl.no.