Lancashire
Lancashire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-England | ||
Del av | Nordvest-England | ||
Areal | 3 079 km² | ||
Folketal | 1 451 700 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
Lancashire 53°48′N 2°36′W / 53.8°N 2.6°W | |||
Kart som viser Lancashire.
| |||
Wikimedia Commons: Lancashire |
Lancashire er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Nordvest-England. Det har fått namn frå byen Lancaster og vert stundom kalla County of Lancaster.[1] Lancashire grevskapsråd held til i Preston. Lancaster vert likevel rekna som administrasjonsby. Lancashire vert stundom forkorta Lancs, opphavleg nytta av Royal Mail. Grevskapet har kring 1,5 millionar innbyggjarar og desse vert kalla lancastrians.
Lancashire vart grunnlagd på 1100-talet. I Domesday Book (1086) vert landområda her omtalte som ein del av Yorkshire. Området mellom elvane Mersey og Ribble var ein del av Cheshire. Då dei opphavlege grensene vart fastsett, grensa Lancashire til Cumberland, Westmorland, Yorkshire og Cheshire.
Lancashire steig fram under den industrielle revolusjonen som ein stor kommersiell og industriell region. Grevskapet bestod av fleire hundre møllebyar og bergverk. I 1830-åra vart om lag 85 % av all bomull i verda handsama i Lancashire.[2] Accrington, Blackburn, Chorley, Darwen og Burnley var store bomullsspinneri-byar på denne tida. Blackpool var eit stort turistsenter for innbyggjarane i møllebyane i Lancashire, særleg under ferietida wakes week.
Grensene vart endra ein god del under reforma i 1974,[3] då Liverpool og Manchester og områda rundt vart omgjort til dei metropolitanske grevskapa Merseyside og Stor-Manchester.[4] På demme toda vart Furnesshalvøya ein del av Cumbria. I dag grensar grevskapet til Cumbria, Stor-Manchester, Merseyside og North og West Yorkshire. Hertugdømet Lancaster utøver retten til Krona i området kalla pfalzgrevskapet Lancaster.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tradisjonar i Lancashire
- Kart over Lancashire Arkivert 2007-08-17 ved Wayback Machine.
- Offisiell turistside
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lancashire» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vision of Britain – Lancashire
- ↑ Gibb, Robert (2005). Greater Manchester: A panorama of people and places in Manchester and its surrounding towns. Myriad. s. 13. ISBN 1-904736-86-6.
- ↑ George, D., Lancashire, (1991)
- ↑ Local Government Act 1972. 1972, c. 70