Landsfader
Utsjånad
Landsfader er ein ærestittel som vert gitt til særleg viktige personar som har hatt spesielt positiv innflytnad særleg på den politiske utviklinga i eit land eller også for å ha grunnlagt nasjonen eller staten. I Noreg er det i etterkrigstida Einar Gerhardsen som i stort omfang har blitt omtala som landsfader.
I det antikke romerske senat vart tittelen (latin pater patriae) formelt tildelt borgarar.
Nokre kjende landsfedrar
[endre | endre wikiteksten]Land | Namn | Merknader |
---|---|---|
Algerie | Houari Boumedienne | |
Colombia | Simón Bolívar | |
Cuba | Fidel Castro | |
Ecuador | Simón Bolívar | |
Egypt | Gamal Abd al-Nasser | |
Finland | Urho Kekkonen | |
Finland | Gustaf Mannerheim | |
Frankrike | Charles de Gaulle | |
India | Mahatma Gandhi | Leiar under sjølvstendekampen |
Italia | Giuseppe Garibaldi | |
Kina | Mao Zedong | |
Mauritius | Seewoosagur Ramgoolam | Sjølvstendeforkjempar og første statsministeren i landet |
Pakistan | Muhammad Ali Jinnah | |
Peru | Simón Bolívar | |
Sverige | Tage Erlander | |
Sør-Afrika | Nelson Mandela | |
Tsjekkia | Tomáš Garrigue Masaryk | |
Tyrkia | Mustafa Kemal Atatürk | |
USA | George Washington | |
Venezuela | Simón Bolívar |