Lufttettleik
Lufttettleik,
Effekt av trykk og temperatur
[endre | endre wikiteksten]Likninga for lufttettleiken er gjeven ved:
der
Den spesifikke gasskonstanten R for tørr luft er:
Dermed:
- Ved standard temperatur og trykk (0 °C og 1013,25 hPa)har tørr luft ein tettleik på
ρ STP = 1,293 kg/m3. - Ved standard temperatur og trykk i omgivnadane (25 °C og 1000 hPa) har tørr luft ein tettleik på
ρ SATP = 1,168 kg/m3.
Effekt av vassdamp
[endre | endre wikiteksten]Med vassdamp i lufta (fuktig luft) blir tettleiken til lufta mindre, som i første omgang kan virke ulogisk.
Dette skjer fordi den molekylære massen til vatn (18) er mindre enn den molekylære massen til luft (rundt 29). For ein gass med ein viss temperatur og trykk, vil talet på molekyl vere konstant i eit visst volum. Så med vassdamp i lufta vil luftmolekyla bli bytta ut med talet på vassmolekyl, utan at trykket eller temperaturen endrar seg. Dermed blir massen per volum mindre, og tettleiken redusert.
Kor stor effekten blir avheng av den absolutte fukta og ikkje relativ fukt.
Effektar av høgde
[endre | endre wikiteksten]For å rekne ut lufttettleiken som ein funksjon av høgda, må ein ha fleire parameterar. Dei er lista opp nedanfor i lag med verdien dei har i Internasjonal Standard Atmosfære og ved å bruke den universelle gasskonstanten i stadenfor den spesifikke:
- trykket i havnivå p0 = 1013,25 hPa
- standard temperatur i havnivå T0 = 288,15 K
- tyngdeaksellerasjonen g = 9.80665 m/s2.
- adiabatisk temperaturendring L = −0,0065 K/m
- universell gasskonstant R = 8,31447 J/mol·K
- molekylvekta til tørr luft M = 0,0289644 kg/mol
Temperaturen i høgda h meter over havnivå er gjeven ved denne likninga (som berre gjeld i troposfæren):
Trykket i høgda h er gjeve ved:
Tettleiken kan då reknast ut:
Temperaturen si rolle
[endre | endre wikiteksten]Tabellen under viser korleis forskjellige eigenskapar ved luft endrar seg med temperaturen.
Tabell — lydfarten i luft c, lufttettleiken
Temperaturen si rolle | |||
---|---|---|---|
°C | c i m/s | Z i Pa·s/m | |
- 10 | 325.4 | 1.341 | 436.5 |
- 5 | 328.5 | 1.316 | 432.4 |
0 | 331.5 | 1.293 | 428.3 |
+ 5 | 334.5 | 1.269 | 424.5 |
+ 10 | 337.5 | 1.247 | 420.7 |
+ 15 | 340.5 | 1.225 | 417.0 |
+ 20 | 343.4 | 1.204 | 413.5 |
+ 25 | 346.3 | 1.184 | 410.0 |
+ 30 | 349.2 | 1.164 | 406.6 |