Majdal Anjar
- Må ikkje forvekslast med Anjar.
Majdal Anjar | |||
مجدل عنجر | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement | ||
Distrikt | Zahle distrikt | ||
Høgd | 970 moh. | ||
Koordinatar | 33°42′26.97″N 35°54′14.43″E / 33.7074917°N 35.9040083°E | ||
Areal | 25,65 km² | ||
Folketal | 23 000 (2006) | ||
Folketettleik | 897 / km² | ||
Borgarmeister | Sami El Ajame | ||
Tidssone | EST (UTC+2) | ||
Majdal Anjar 33°42′27″N 35°54′14″E / 33.707491666667°N 35.904008333333°E | |||
Kart som viser Majdal Anjar.
| |||
Wikimedia Commons: Majdal anjar | |||
Nettstad: Majdal Anjar official web site |
Majdal Anjar (arabisk مجدل عنجر; òg skrive Majdel Anjar eller Majdal 3njar) er ein landsby i Beqaa guvernement i Libanon. Majdal Anjar er i stor grad ein muslimsk by.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Majdal Anjar ligg i Bekaadalen langs vegen mellom Beirut og Damaskus. Han ligg heilt på grensa mellom Libanon og Syria, der han vert kalla «Masnaa». Byen ligg kring 55 km frå hovudstaden i Libanon og 57 kilometer frå Damaskus, 970 meter over havet. Innbyggjartalet er kring 25 000. Han grensar til Sawiri i aust og sør, Anjar i nord og Dakwi og Rawda i vest.
Handel
[endre | endre wikiteksten]Majdal Anjar er eit viktig handelssenter i Bekaadalen, sidan han ligg på riksgrensa. Det ligg mange tollkontor i grenseområdet, i tillegg til mange butikkar og marknader.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen har ein gammal moské kalla «Omar bin al-Khattab», bygd av Walid bin Abdul Malik bin Marwan. Majdal Anjar er kjend for den gamle katedralen, i dag berre kalla borga, som ligg på eit platå kalla Al Hosen.
Det er gjort funn i området av flintreiskap frå yngre steinalder og Qaraoun-kulturen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Majdal Anjar» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2014.
- ↑ http://www.mafhoum.com/press10/312P1.htm
- ↑ Moore, A.M.T. (1978). The Neolithic of the Levantine. Oxford University, Unpublished Ph.D. Thesis. s. 444–446.