Marianne Heiberg
Marianne Heiberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. desember 1945 Oslo |
Død |
26. desember 2004 (59 år) |
Yrke | samfunnsvitar |
Språk | engelsk |
Far | Ornulf Eivindsen Heiberg |
Mor | Elisabeth Petersen |
Ektefelle | Johan Jørgen Holst |
Marianne Heiberg (7. desember 1945–25. desember 2004) var ein norsk ekspert på Midt-Austen.
Heiberg tok utdanning i samfunnsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1971. Ho fullførte ein doktorgrad om baskarane i Spania ved London School of Economics and Political Science i 1981.
Ho var tilsett ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) frå byrjinga av 1980-åra, der ho arbeidde med Midt-Austen-spørsmål, og studerte etniske konfliktar og fredsskapande arbeid. I 1994 var ho fungerande direktør for prosjektering og utvikling ved FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, UNRWA sitt feltkontor i Jerusalem. Frå 1995 til 1997 var ho spesialrådgjevar for generaldirektøren i UNESCO i deira Kultur for fred-program.
Marianne Heiberg var gift med Johan Jørgen Holst, og var ein sentral aktør i arbeidet med Oslo-avtalen.
Ho var syster til Karin Stoltenberg og dermed tante til Jens Stoltenberg.
Heiberg døydde av eit hjarteinfarkt.