Mike Howlett
Mike Howlett | |||
Steve Hillage Band (19. juni 2009), frå venstre: Miquette Giraudy (klaverinstrument), Steve Hillage (gitar), Chris Taylor (trommer) og Mike Howlett (bass). | |||
Fødd | 27. april 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lautoka på Fiji | ||
Fødenamn | Michael John Gilmour Howlett | ||
Alias | Mister T. Being | ||
Opphav | Sydney | ||
Sjanger | Progressiv rock, new wave | ||
Instrument | bassgitar | ||
Tilknytte artistar | The Affair, Gong, Strontium 90 | ||
Verka som | Produsent, musikar |
Michael John Gilmour Howlett (fødd 27. april 1950) er ein fijiansk musikar og prisvinnande produsent og lærar med base i Storbritannia og Australia.
Seint i 1960-åra var Howlett bassist i det australske popbandet The Affair. Gruppa reiste til England etterr rå ha vunne Hoadley's Battle of the Sounds og Howlett slo seg ned i London. I 1973 vart han med i den britiske progressiv rock-gruppa Gong, der han vart verande til 1977.
Etter Gong skipa Howlett det kortvarige bandet Strontium 90, som bestod av han sjølv, Sting, Stewart Copeland og Andy Summers.[1] Howlett var frontmann i bandet, som vart oppløyst då Summer slutta for å bli med Copeland og Sting i eit anna prosjekt, The Police.
Nokre månader etter Strontium 90 var oppløyst, fekk Howlett saman studiobandet The Radio Actors, med Gong-kompisen Steve Hillage på sologitar og Sting på solovokal.[2] Bandet gav berre ut ein singel, ,«Nuclear Waste» med «Digital Love», som kom ut på CD i 1995.
I 1980-åra vart Howlett ein etterspurt produsent. Han produserte mange hitsinglar og album for leiande new wave-artistar som A Flock of Seagulls, The Alarm, China Crisis, Martha & the Muffins, Orchestral Manoeuvres in the Dark, Stephen Duffy, Gang of Four og Comsat Angels. Han produserte òg albumet Secret Secrets for Joan Armatrading i 1985.
Howlet var stundom med i Gong på ymse konsertar kring i verda. I 1993 starta han sitt eige plateselskap, Mauve, som gav ut album av Rafa Russo, Debbie Cassell og Jay Fisher. Frå 2005 til 2009 var Howlett styreformann i The Music Producers Guild (MPG).[3]
Howlett tok doktorgrad i musikkproduksjon i 2009 og har halde foredrag i musikkteknologi ved fleire universitet.[3] I 2009 vart han leiar for musikkavdelinga til Queensland University of Technology i Brisbane i Australia.[4]
Produsent
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mike Howlett» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Planet Gong: Tribal: Maze: Mike Howlett». Arkivert frå originalen 6. mars 2003. Henta 17. november 2019.
- ↑ Williamson, Harry (1994). «Earthdate Summer 1977». In Nuclear Waste (pp.7) [CD booklet]. Durham: Voiceprint.
- ↑ 3,0 3,1 «Music Producers Guild – Members Directory – Mike Howlett». Henta 17. november 2019.
- ↑ «Calyx – The Canterbury Website: Mike Howlett biography». Henta 17. november 2019.