Monte Cevedale
Utsjånad
Monte Cevedale | |||
fjell | |||
Monte Cevedale sett frå nord
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Ortleralpane | ||
Høgd | 3 769 moh. | ||
Førstestiging | 1865 | ||
Koordinatar | 46°26′53″N 10°37′15″E / 46.44806°N 10.62083°E | ||
Monte Cevedale 46°26′53″N 10°37′15″E / 46.448055555556°N 10.620833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Monte Cevedale |
Monte Cevedale (tysk Zufallspitze) er ein fjelltopp på 3 769 meter over havet i Ortleralpane. På sørtoppen (3 757 moh) av fjellet møtest dei tre italienske provinsane Trento, Bolzano og Sondrio. Monte Cevedale er det høgste fjellet i Trento-provinsen.
Monte Cevedale er det høgste skitur-fjellet i Ortleralpane, ettersom ein under gunstige tilhøve kan gå til topps med ski. Turen er rimeleg grei, men går alle stader over isbrear og det krevst at ein er merksam på bresprekker.
Julius Peyer, fjellføraren Johann Pinggera og J. Reinstadler var dei fyrste menneska på Monte Cevedale den 7. september 1865.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Monte Cevedale» frå Wikipedia på tysk, den 23. oktober 2014.