(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Muscicapinae – Wikipedia Hopp til innhald

Muscicapinae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muscicapinae
Gråflugesnappar, Muscicapa striata
Gråflugesnappar, Muscicapa striata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Underfamilie: Muscicapinae
Fleming, 1822

Muscicapinae er ein underfamilie på nær 70 insektetande fugleartar i flugesnapparfamilien som i stor grad hekkar i Den afrotropiske regionen, nær ein av fire i Den orientalske regionen. Dei artane som hekkar lengst nord er trekkfuglar slik som gråflugesnappar i Den palearktiske regionen.

Muscicapinae representerer den basale utstrålinga i flugesnapparfamilien Muscicapidae med utspring i Afrika og består av to undergrupper Copsychini og Muscicapini.

Copsychini er afrikanske krattskvettar. Gruppa inneheld også shamaer og skjorskvettar som koloniserte Asia, Madagaskar og Seychellane.

Muscicapini inneheld slekta Muscicapa av «typiske flugesnapparar» med nokre artar som har habitat i Kongo. Typearten i Muscicapa er gråflugesnappar. Seks artar i slekta har kolonisert Asia og nordlege øyar i Den australske regionen. Muscicapini inneheld også fleire andre afrikanske slekter etablert etter taksonomiopprydding, mellom anna etter at det vart oppdaga at Muscicapa fram til ca. 2016 ikkje var ei naturleg gruppe.

Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert nær 90 % av artane i underfamilien som livskraftige, to artar som sårbare og fire som nær truga.[1]

Oversyn over dei fylogenetiske sambanda innanfor artar og artsgrupper gjennom evolusjonen innanfor flugesnapparfamilien Muscicapidae har framleis manglar. Ein dataanalyse frå 2023 syner estimat på divergenstida for underfamiliar, og plasserer alle fire i midten av miocen. Underfamilien Muscicapinae kan ha divergert for rundt 15 millionar år sidan.[2] Andre studiar har indikert at den siste felles stamfaren til alle nolevande medlemar av underfamilien har opphavet sitt i tropisk Afrika.[3]

Kladogram for underfamilien Muscicapinae basert på Zhao et al 2023 ymtar om evolusjon av artsgruppene:

Muscicapidae
Muscicapinae 
Copsychini 

 Alethe – 2 aletear




 Cercotrichas – ca. 5 av 10 krattskvettar




 Cercotrichas – ca. 5 av 10 krattskvettar



 Copsychus – 13 shamaer og skjorskvettar





 Muscicapini 

 Vauriella goodfellowi – mindanaoflugesnappar





 Agricola – 2 flugesnapparar




 Fraseria – 8 flugesnapparar




 Melaenornis – 7 flugesnapparar




 Namibornis – hereroskvett




 Empidornis – sølvflugesnappar



 Sigelus – fiskalflugesnappar









 Bradornis – 6 flugesnapparar



 Muscicapa – 17 flugesnapparar &

Humblotia – karthalaflugesnappar








 Niltavinae




 Cossyphinae



 Saxicolinae





Inndelinga i kladogrammet er etter Min Zhao et al, 2023. Data frå sekvensiering gjev ikkje sterk stønad til alle delar av det fylogenetiske treet.[4] Både slektene som er inkludert og talet artar i slektene er henta frå fuglelista vedlikeholdt av Frank Gill, Pamela Rasmussen og David Donsker på vegne av International Ornithological Committee (IOC).[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Kanelkrattskvett, Cercotrichas quadrivirgata, KwaZulu-Natal, Sør-Afrika

Underfamilie Muscicapinae, 69 artar i 12 slekter.

Artslista etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5] Utvalet av slekter er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[6]

Stamme Copsychini, 25 artar

  • Slekt Alethe
    • Eldkronealete, Alethe diademata, White-tailed Alethe, (Bonaparte, 1850), (LC)
    • Kastanjealete, Alethe castanea, Fire-crested Alethe, (Cassin, 1856), (LC)
  • Slekt Cercotrichas
    • Karookrattskvett, Cercotrichas coryphoeus, Karoo Scrub Robin, (Vieillot, 1817), (LC)
    • Natalkrattskvett, Cercotrichas signata, Brown Scrub Robin, (Sundevall, 1850), (LC)
    • Jungelkrattskvett, Cercotrichas leucosticta, Forest Scrub Robin, (Sharpe, 1883), (LC)
    • Kanelkrattskvett, Cercotrichas quadrivirgata, Bearded Scrub Robin, (Reichenow, 1879), (LC)
    • Miombokrattskvett, Cercotrichas barbata, Miombo Scrub Robin, (Hartlaub & Finsch, 1870), (LC)
    • Kalaharikrattskvett, Cercotrichas paena, Kalahari Scrub Robin, (Smith, A, 1836), (LC)
    • Svartkrattskvett, Cercotrichas podobe, Black Scrub Robin, (Müller, PLS, 1776), (LC)
    • Hekkskvett, Cercotrichas galactotes, Rufous-tailed Scrub Robin, (Temminck, 1820), (LC)
    • Graskrattskvett, Cercotrichas hartlaubi, Brown-backed Scrub Robin, (Reichenow, 1891), (LC)
    • Kvitbrynkrattskvett, Cercotrichas leucophrys, White-browed Scrub Robin, (Vieillot, 1817), (LC)
  • Slekt Copsychus
    • Orientskjorskvett, Copsychus saularis, Oriental Magpie-Robin, (Linnaeus, 1758), (LC)
    • Seychellskjorskvett, Copsychus sechellarum, Seychelles Magpie-Robin, Newton, A, 1865, (EN)
    • Filippinarskjorskvett, Copsychus mindanensis, Philippine Magpie-Robin, (Boddaert, 1783), (LC)
    • Gassarskjorskvett, Copsychus albospecularis, Madagascar Magpie-Robin, (Eydoux & Gervais, 1836), (LC)
    • Rusthaleshama, Copsychus pyrropygus, Rufous-tailed Shama, (Lesson, RP, 1839), (NT)
    • Hinduskvett, Copsychus fulicatus, Indian Robin, (Linnaeus, 1766), (LC)
    • Kvitbrynshama, Copsychus luzoniensis, White-browed Shama, (Kittlitz, 1832), (LC)
    • Svartgumpshama, Copsychus superciliaris, Visayan Shama, (Bourns & Worcester, 1894), (LC)
    • Palawanshama, Copsychus niger, White-vented Shama, (Sharpe, 1877), (LC)
    • Svartshama, Copsychus cebuensis, Black Shama, (Steere, 1890), (EN)
    • Kvitbukshama, Copsychus albiventris, Andaman Shama, (Blyth, 1858), (LC)
    • Kvitkroneshama, Copsychus stricklandii, White-crowned Shama, Motley & Dillwyn, 1855, ()
    • Arieshama, Copsychus malabaricus, White-rumped Shama, (Scopoli, 1786), (LC)

Stamme Muscicapini, 44 artar

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Chats, Old World flycatchers». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 11. februar 2024. 
  2. Zhao et al, 2023
  3. Fjeldså et al, 2020
  4. Zhao, M.; Gordon Burleigh, J.; Olsson, U.; Alström, P.; Kimball, R.T. (2023). «A near-complete and time-calibrated phylogeny of the Old World flycatchers, robins and chats (Aves, Muscicapidae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 178: 107646. doi:10.1016/j.ympev.2022.107646. 
  5. 5,0 5,1 Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023. 
  6. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]