(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Nikolaj Dahl – Wikipedia Hopp til innhald

Nikolaj Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Dahl

Fødd17. juli 1860
Kherson
Død1939
Beirut
NasjonalitetDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Yrkenevrolog, psykiater, komponist
Alma materQ4219702
Det keiserlige universitetet i Moskva

Nikolaj Vladimirovitsj Dahl (17. juli 18601939) var ein russisk lækjar.

Dahl er best kjend for å ha behandla komponisten Sergej Rakhmaninov for ei skrivesperre etter at den første symfonien fekk knusande kritikk. Frå januar 1900 behandla Dahl Rakhmaninov kvar einaste dag i tre månader. Metoden var hypnose og komponisten blei frisk igjen. Rett etter skreiv han sin andre klaverkonsert som han dediserte lækjaren sin.

Dahl skal ha emigrert frå Russland i 1925 og døydde i Beirut i 1939.

I programhefte frå Oslo-Filharmonien i 1999 og 2001 blei det hevda at Dahl var norsk, men det er seinare tilbakevist i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske lægeforening.[1]

  1. «Rakhmaninov og doktor Dahl – ønsketenkning og nasjonal selvhevdelse», Tidsskrift for Den norske legeforening (på norsk), henta 5. mars 2019