Nykken
Utsjånad
- «Nøkken» omdirigerer hit. For den norske rockegruppa med det namnet, sjå Musikkgruppa Nøkken.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3b/Kittelsen_-_N%C3%B8kken_%28Nasjonalmuseet%292.jpg/220px-Kittelsen_-_N%C3%B8kken_%28Nasjonalmuseet%292.jpg)
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/Gutt_p%C3%A5_hvit_hest.jpg/220px-Gutt_p%C3%A5_hvit_hest.jpg)
Nykken eller nøkken er eit vette i norsk folketru som er knytt til vatn og drukningsfare. Det heiter seg at nykken kan halde til i djupe tjern og fossefall. Han kan mellom anna skape seg om til ein kvit hest. Set nokon seg opp på hesten, stuper han i djupet med ryttaren. Det vert sagt at ein kan lære felespel av nykken, som er nærskyld fossegrimen og draugen.