Ola By Rise
Utsjånad
Ola By Rise | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. november 1960 (63 år) Trondheim |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1994, Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | Kniksenprisen for årets målvakt, Kniksens hederspris |
Ola By Rise (fødd 14. november 1960) er ein norsk journalist og tidlegare fotballspelar og -trenar frå Trondheim. Han var 1977-95 målvakt i Rosenborg Ballklub og spelte 25 kampar for det norske landslaget i tida 1984-94. Seinare var han ein sesong klubbtrenar i Rosenborg og i sju år assistenttrenar for Noregs landslag. Han har arbeidd som barne- og ungdomsbokanmeldar i Adresseavisen. For dette arbeidet mottok han NBU-prisen i 2003.[1]
Ola By Rise er barnebarn av forfattaren Sverre By.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994 og 1995 med Rosenborg
- Noregsmeister: 1988, 1990,1991, 1992 og 1995 med Rosenborg og Bodø glimt