Orelva
Utsjånad
Or | |||
elv | |||
Land | Russland, Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 18 600 km² | ||
Lengd | 332 km | ||
Middelvassføring | 21 m³/s | ||
Munning | Ural | ||
Orelva 51°11′08″N 58°32′28″E / 51.1856°N 58.5411°E |
Or (russisk Орь) er ei elv i Orenburg oblast i Russland og Aktobe oblast i Kasakhstan og ei av sideelvane til Ural frå venstre. Elva er 332 km lang og har eit nedslagsfelt på 18 600 km².
Elva oppstår der elvane Sjijli og Terisbutak renn saman. Desse har utspring på vestsida av Mugodzjarhøgdene. Or munnar ut i Ural ved byen Orsk. Mesteparten av vassføringa er frå snøsmelting. Middelvassføringen 61 km frå munningen er 21,3 m³/sek. Vårflaumen varer frå april til midten av mai. Resten av året er vassføringa særs låg. Elva frys til i andre halvdel av oktober, og er islagt til månadsskiftet mars/april. Elva vert nytta til irrigasjon og vassforsyning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Or (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2008.