(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Pant – Wikipedia Hopp til innhald

Pant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pant er bruken av ein formuesgjenstand som tryggleik for at eit krav skal verta oppfylt. Den som har panterett vil ha ein eksklusiv særrett til å søkje dekning for sitt krav i formuesgodet, til fortrengsel for eigarens øvrige kreditorer. Dersom debitor misligheld pantekravet, kan panthavaren vanlegvis med styresmaktene sin bistand gjennom tvangsfullbyrdelse[1] selje formuesgjenstanden, og ta dekning for sitt krav i salgssummen. Grunnen for å tillate pantsettelse er i hovudsak panterettens kredittskapende effekt. Kreditt gir grunnlag for investeringar, og dermed avkastning. Dette er gunstig for den enkelte og for samfunnet.

Den som innehar panteretten kalles panthavar (som normalt, men ikke nødvendigvis, er kreditor for det krav som sikrast). Objektet som panten er sikra i kallas eit panteobjekt. Den som stiftar panterett i panteobjektet til fordel for ein annan, kallas pantsetter (som også ofte er debitor for det sikra kravet, sjølv om det er relavtivt vanlig at andre, typisk foreldre eller den som starta opp verksemd, stiller sikkerheit for andres – barns eller verksemda si – gjeld).

Et pant er enten eit underpant, det vil seia at eigaren beheld råderetten over pantet, eller eit håndpant, der eigaren fratas råderetten.

Pant i degleglivet

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg talar ein òg om pant på ulik embalasje i daglegvarer, som mineralvatn, juice og anna.[2] [3]