Paranésti
Utsjånad
Paranésti Lokalt namn Παρανέστι | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | 41°16′N 24°30′E / 41.267°N 24.500°E |
Areal | 1037,8 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Dráma |
Hovudsete | Paranésti (629 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 2 843 (2021[1]) |
Folketettleik | 2,7 /km² |
Paranésti (gresk Παρανέστι) er ein landsby og ein kommune i periferieininga Dráma i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Paranésti kommune ligg aust for Dráma og strekkjer seg opp i Rodopifjella til grensa mot Bulgaria. I aust grensar kommunen til Xánthi og Kavála.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Nikifóros. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 2 843 innbyggjarar, medan kommunaleininga Paranésti hadde 994 og tettstaden med same namn 629 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Adrianí | Nikifóros | 1 080 | 853 |
Paranésti | Paranésti | 625 | 629 |
Nikifóros | Nikifóros | 296 | 220 |
Plataniá | Nikifóros | 464 | 216 |
Ypsilí Rákhi | Nikifóros | 215 | 123 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87
Α /7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert